Hopp til hovedinnhold
/
Illustrasjon: Getty Images

2024 – eit nytt 1914?

Går vi svevngjengaraktig inn i katastrofene no?

Publisert i Bernts blogg av Bernt Hagtvet Tirsdag 6. februar, 2024 - 13:50 | sist oppdatert Tirsdag 6. februar, 2024 - 13:56

Verda står andsynes eit potensielt katastrofalt år. Om Donald Trump vert attvalt i november veit ingen kva som vil skje. 

Berre dette: No vil han innta Det kvite hus  med ein administrasjon som er førebudd. Ikkje ein gjeng amatørarar som i 2016. Han har meisla ut eit program no. Varsla at han vil ha hemn. Dette er den mest primitive av alle kjensler.

Trump har sagt at han vil seie opp 10 000 offentlege tenestefolk. Han vil halda fram med å fylla rettsapparatet med sine eigne, og vi kan berre gissa kor mange lojale folk han har fylt dei væpna styrkane med. Og vil gjere.

Det inneber at verda vil sjå ein meir aggressiv, meir planmessig amerikansk president, meir medvite no enn i 2016. Med eit syn på sanning som får George Orwell til å skoggerle  himmelen. 

Vil han melda USA ut or NATO? Slutta med hjelp til Kyiv og lata forbundsfellen Putin vinna? Melde USA ut or alle klimaavtalar? Reise tollvern mot resten av verda? Provosera Kina? Lata Israel halda fram med sitt nidingsverk? 

Eit nytt 1914?

I 2012 kom den australske historikaren Christopher Clarks bok “The Sleepwalkers: How Europe Went into War in 1914”. Der utviklar Clark eit heilt resonnement om kvifor og korleis Europa så naivt kunne drukna seg i ein slik katastrofe. Det skjedde nærast  svevngjengaraktig. 

Boka vekker ubehagelege assosiasjonar nett no. 

Mangel på dømekraft

Verdskrigen frå 1914 til 1918 var ikkje resultat av eitt vedtak, eller av mistak i ein nasjon. Europa «ramla» inn i armageddon («stumbled»). 

Krigen var sluttproduktet av fleire vedtak med  røter kring hundreårskiftet utan nokon umiddelbar indre samanheng (m.a. tysk redsle for innringing; austerrisk ynskje om å knekka sør-slavisk sjølstendetrang ein gong  for alltid; fransk revansjelyst vis á vis Tyskland; britisk allianse til stønad for belgisk nøytralitet, etc.)

Clarks hovudpoeng er at ingen av dei ansvarlege leiarane skjøna kva som ville koma. Den tyske overkommandoen trudde Paris ville falla på nokre veker. Slik Hitler trudde i 1941 at Moskva ville bli erobra og difor ikkje utstyra troppane med vinterklede. Folk var stengt inne i sine mentale siloar. Dei var utan vindauge, styrt av fordomar, uryddige kjensler og råe interesser med lite analytisk kraft. Ofre for eigne fordomar. 

Manglande røyndomssans?

Den engelske idéhistorikaren Isaiah Berlin har utmynta utrykket «a sense of reality», det vil seie vanten på innforliving i og kunnskapar om kva som står på spel i krisetider. Å vera på høgd med situasjonen.

Biografen hans, Michael Ignatieff, brukar Berlins omgrep til å kasta ljos over samanliknande krisetider. Utgangspunktet hans er maktovergivinga til Hitler for 91 år sidan. 

Dei sentrale aktørane den gongen hadde ingen røyndomssans. Ingen skjøna kva som kunne skje med Hitler i kanslarposten. Alle, også Hitler sjølv, var overraska over at han fekk makta og alle undervurderte Hitler. Dei trudde dei hadde «mala han inn i eit hjørne», at dei hadde han under kontroll. Nokre angra med det same, til dømes Alfred Hugenberg, leiar for det tysk-nasjonale høgrepartiet DNVP. Alt i april 1933 sa han at han hadde gjort «sitt livs største tabbe». Andre, til dømes Franz v. Papen, den onde ånden i forfallet, angra aldri og vart frifunnen i Nürnberg i 1946, utan å ha skjøna kva han hadde vore med på.

Sentrale motiv ved kriser

Ignatieff meiner at denne vanten på røyndomssans om kva som står på spel, er eit ålment drag ved kriser. Han seier at å redda demokratiet er ofte eit spørsmål om einskildpersonar (Vaclav Havel, Nelson Mandela, Adolfo Suarez i Spania etter at Franco døde). 

Det same gjeld dei som undergrev demokratiet (president Hindenburg i 1933, Putin frå midten av 1990-talet, Trump no). Det står om individ ofte og deira tolkingar av stoda. 

Trugsmålet Trump

Vil USA «stumble into» autokratiet? På nesten alle punkt har Donald Trump synt at han foraktar forfatninga. Ved å ta til orde for vald vis á vis Hilary Clinton, ved å tala ned sine opponentar, ved å lyga, ved å oppmuntra mobben 6. januar 2021. Ved å halda fram med å seia at valet vart stole. 

Presidentvalet i år er eit lagnadsval. Ikkje heilt annleis enn november 1932. Då tapte nazipartiet to millionar stemmer. Mange trudde faren frå høgre var over, nazibylgja hadde toppa seg.
Men Hitler let seg ikkje lokka inn i regjeringa utan å få gulltronen, kanslarposten.

Kanskje er det von om at også Trumps fylgjartal har kulminert. Kanskje det er håp om at nokre millionar i dei kritiske statane kan gå tapt for han kommande november. Det står og fell i siste instans med nokre få - Høgsterett ikkje minst. 

Det er ikkje nokon grunn til å ynskja godt år. 
 


Tilbake til toppen