Hopp til hovedinnhold
/
Illustrasjonsfoto: Pixabay

Dei løgnaktige skamlause

Dei er som Falstaff og Macbeth, Boris Johnson og Donald Trump. Likskapane mellom dei er pinleg klare. Men dei rommar også djupe kjelder til konflikt. Dei vil snart bli synlege.

Publisert i Bernts blogg av Bernt Hagtvet Onsdag 7. august, 2019 - 20:56 | sist oppdatert Tirsdag 22. mars, 2022 - 16:11

Masseskytingane i Dayton og El Paso har sett dei moralske dobbelt- hadlingane til Trump-administrasjonens i skarpt relieff. The Atlantic har synt korleis Trump har strupt tiltak frå Obama-adminstrasjonen mot kvit rasisme, og han har kutta ned på FBI-program for å etterforska nettverka deira.

Hykleriet
Etter å ha skapt eit klima av hat ved å kalla mexikanarar valdtekstbrotsmenn og kriminelle, og etter å ha formulert ein slags moralsk likevekt mellom kvite rasistar som kjøyrer i hel demonstrantar frå den andre sida (i Charlottesville) – etter all denne retorikken har no president Donald Trump innteke den landsfaderlege rolla. Han manar no til ettertanke og krev at massemordarar må avrettast og ekstreme ideologiar brennast bort. Dei forsøplar sinnet, som han sa. Nett på det punktet er kunnskapen hans fyrstehands.
Det er ikkje vond viLje å kalla dette hykleri. Gjennom sine talemåtar har Trump sjølv legitimert ekstrem-haldningane. Han har pusta liv til ei djup polarisering i USA, og han har fått kvite herretenkjararar til å kome krypande ut or treverket så opent at det var utenkeleg berre for få år sidan.

Spegelbilete av kvarandre
Vi ser no eit mønster: Den vestlege alliansen vert no styrt av ein opportunistisk klovn i nr. 10 og ein narcissistisk bølle i Det Kvite Hus, som leikar med rasefordomar og kvinneforakt. Og no hyklar.
Johnson og Trump er båe siste avleggjarar – hittil – på den nye primitivistiske leiartypen som i nyare tid tok til med Silvio Berlusconi. Dei båe er kasta inn i maktas sentralledd på ein bølgje av nostalgi og globaliseringsangst. Vi står føre ein uføreseieleg haust. Det kan gå riktig ille.

Nasjonal ære
Trumps slagord kjenner vi alle (av motstandarene omskreve til eit venlegare «Make America Greet Again»). Og Trump er blitt møtt med eit tilsvarande mantra frå Johnson: Storbritannia skal bli «den beste staden i verda». Ein innettervend, sjølvglinsande og – må vi kunne seia – temmeleg skamlaus nasjonalisme styrar båe. Dei er spegelbilete av kvarandre.
Sentimentale i sin fortidsutopisme er dei og. Den eine er driven av post-imperialistiske vyer frå slutten av 1800-tallet, då sola ikkje gjekk ned i det britiske imperiet. Johnson legg her for dagen ei lengt etter klassisk britisk «siviliserande greatness», lutra av tradisjonell proto-aristokratisk innestengd public school-mentalitet frå Eton og dandert med latin og gresk frå Balliol College, Oxford.
Dette er i Marx’ opphavelege tyding ‘falsk medvit’, ein ideologi skapt i hjernen til dette sjiktet av overklassegutar utan noko grunnlag i røyndomen i dag. Etter ordets opphavelege eining reaksjonær fordi han vil skapa att ei verd som er gått tapt.

Plutokratiets sigersgang
På andre sida av Atlanteren er fortidsvisjonen av meir handfast plutokratisk karakter: Flust med pengar, livsstil av Great Gatsby-typen og økonomisk fridom henta frå the Gilded Age i amerikansk soge. Her er det kollisjon mellom Johnson og Trump i opphavet til desse haldningane: overklassetradisjon vs. nyrik supervelstand. Men desse skilnadene får ikkje noko å seia når det gjelder resultatar.
Desse transatlantiske forskjellane har óg andre uttrykk. Med Boris Johnson har UK for fyrste gongen fått en Tory-statsminister som openhjartig har uttrykt forakt for næringslivet (jfr. replikken «f.. business», som Johnson kom spontant med då han vart fortalt om kostnadene ved ein hard brexit).

Kjøttfulle skattebein
Trumps verd er den tøffe forretningsmannen. Han treng ikkje kulturelle overbygnader over pengefilosofien sin. Båe utmerkar seg ved å gje dei velhavande enda meir i skattelette. I USA har dei rikaste aldri vore rikare enn no, ulikskapen aldri tidligare vore djupare. På verdsbasis eig verdas 62 rikaste personar meir en dei fattigaste av verdas folk, om kring 3,5 milliardar menneske.
Det republikanske partiet har alltid vore eit telt med tre polar: «flat earthers», folk som trur at Darwin er fake news; sosialkonservative lågkristne («evangelicals») som ser bort frå alt det vulgær ved Trump så lenge han gjev dei abortforbod og superrike av Koch-brør-typen som vil ha bort alle skattar. No sit den tredje kategorien i førarsetet.
I kampanjen sin for å bli statsminister starta Johnson med å kaste ut kjøttfulle skattebein til dei mest velhavande innafor Tory-partiet. Strategien lukkast. Likevel er han lik Trump: hevdar i retorikken sin å ta vare på dei som sit nedst ved bordet. Dei både delar dette populistiske islettet midt i sitt overklassefokus.
Observatørar har lenge undrast når dette spelet skal bli forstått av Trumps base. Få i Storbritannia vert rett nok teke inn av dette. Det er lenge sidan Benjamin Disraelis visjon om «one England» – tanken om at Toryane skulle omfatta også dei fattige – spela nokon reell rolle blant toryane.

Fortidsutopi
Trump og Johnson er båe er meistre i idyllisering og romantisering av fortida. Dei skapar ein utopi av fortida. (Ein utopi er som lesarane vil veta, eit namn på ein stad, ‘topos’, som ikkje finst).
Trumps visjon er eit kvitt Amerika, forut for all feministisk jabb, svart borgarrettskamp, miljømas og unfair globalisering (les: Kina).
Johnsons tankeverd er prega av boka han skreiv om Churchill. Han ser striden i dag som ‘eit churchilliansk moment’: England står seg best åleine, om ikkje direkte på strendene ved Dunkirk, så like ved. Og han er mannen som i krisas stund leiar dei vankelmodige fram og med retorikken sin splittar tåka med blod og sveitte. Det finst ikkje kriser, seier Johnson, berre sjansar.
Båe trur at å fjerna seg frå overnasjonale organ – FN, EU, G7, WHO og NATO – vil gje dei større nasjonalt handlingsrom. Omgrepet dei knyter seg til, suverenitet, er tradisjonalistisk og del av ein forgangen periode i verdspolitikken. I dag kontraproduktivt. Også USA trenger vener, og dei kjem fyrst i fremst gjennom forpliktande samarbeid internasjonalt.

Stålsatt kapitalisme i victoriansk kledning
Johnsons kampfeller (i sær den nesten for utlendingar parodiske Jakob Rees-Mogg) frambyr ein forherda blanding av victoriansk nasjonalkonservativ imperielengt og Ayan Rand-kapitalisme av laissez-faire typen. Rees-Mogg ser for seg eit «shanghai on the Thames», eit England utan EUs tvangstrøyer av sosiallovgivning og arbeidarvern, ei øy som kan konkurrere med det som teller av uhemma kapitalismeformar verda over.

Det svinebudne England
Sidan Thatcher har denne grunnfortellinga teke makta i Tory-partiet: I Bryssel sit byråkratane som har hindra England i å utfalde sitt slumrande potensial som verdsmakt. Denne tolkinga ga rom for å fase all politisk agg heime over i motstand mot EU. Unionen vart skulda for alt som har gått skeivt i UK. Storbritannias nedgang dei siste 40 åra har si orsak i krefter utanfrå som ville kvela Englands identitet.
Den hevdvunne pragmatismen og snusfornufta som toryane alltid har pryda seg med – gode eigenskapar i politikken – er dermed trengt til side til fordel for eit elitært nasjonalkonservativt monster av nasjonalt sjølvbedrag.
Det er dette som ligg bak brexit og som har gjort UK til lått for ei hel verd. At Labour ikkje ser denne posisjonen klart og ikkje tidlegare har gått inn for ei folkeomrøysting nr. 2, er nok eit teikn på leiarskapskrisa i det partiet.

Inga «særskilt tilhøve» til USA.
Det er flere overraskingar i vente for Johnson. Han tror UK kan få seg ein sjenerøs handelsavtale med Amerika – nå som EU ikke lenger holder landet nede og fridomsklokka har slått. Men nettopp det suverenitetsbegrep dei båe vedkjenner seg til, vil kunne stanse draumane til Johnson.
Med andre ord: Johnson bør ikke ha nokon illusjonar om «a special relationship» med USA (det viste seg hult alt under Suez-krisa i 1956 då Eisenhower fortalde Eden kor skapet skulle stå etter invasjonen til UK og Frankrike). Trump vil ikkje gje UK føremonar om dei legg seg på tverke av det han ser på som Amerikas interesser.

Stammekultur og polarisering
Johnson og Trump er begge meistre i å infantilisere og vulgarisere politikken – og dei er værhanar og impulsdyrkarar inntil det omkalfatrande. Dei legg opp til ein stammekultur rundt seg og sine tilhengjararar. Dei er både som skrudd ut av Shakespeare: Johnson som ein burlesk Falstaff, Trump som ein slu maktsøkjande Macbeth. Likskapen mellom Det kvite Hus i Trumps tid og Macbeths bloddryppande dolkar i det skotske høglandshoffet er slåande.
Men som Macbeth minna om: «Alle våre gårsdagar har opplyst dumskallar vegen til en daude i støv».
Når Trump hissar opp sine trosfeller i taktfaste rop om å stenge Hillary bak lås og slå, minnar han om demagogar lenger bak i historia. Vi skal ikkje nemne namn.

Meistre å vera smålåten
Båe har eit frisinna tilhøve til borgarleg ekteskapsmoral for å seia det skånsomt. Trump har halde mange advokatar i gang med å skjula sine bordellvitjingar. Og dei har båe svart belte i å vera smålåten.
Johnson ga tidleg uttrykk for at han ville bli konge av verda. Trump ser seg sjølv som eit «stabilt geni» (riktig nok med en kontroll av adjektivane i det engelske språket som ligg så vidt over nivået hjå ein gjennomsnittleg high school-elev). Nic. Clegg kalte Johnson ‘ein Trump med ordbok’.
Enno har ikkje Johnson bedt mørkhuda britar frå Samveldet om å dra heim dit dei kom frå. Eller kalla innvandrar valdtektsbrotsmenn og kriminelle. Han har heller ikke – til no – forsøkt seg på moralsk likestilling mellom anti-semittiske, hvite rasistar og venstresida. Men så er Johnson ennå ung i embetet og alt kan skje.

Den flyttbare sanninga
Vi har enno ikkje nemnt deira felles løgnaktigheit, som går lengre enn vanleg i politiske klassar. Johnson mista jobben i The Times for å ha loge; frå Bryssel kolporterte han historiar om EU som få kjende seg att i og derfrå medverka til all lygna om samskipnaden (m.a. om at EU ville standardisere kondomstorleiken). Kollegaer i Bryssel kalla Johnson for ‘ein vanemessig lygnar».
Trumps sanningsøvingar er no så velkjende at dei skal verta unemnte.
Men det skal Trump ha: Han spør kvifor ikkje fleire frå Noreg kan koma til Amerika – og færre av «the huddled masses» frå dei valdtektsinfiserte og kriminelle møkkastatane i sør i verda som no veltar inn.
Vi kan være glade for at president Donald J. Trump har sine prioriteringar i orden.


Tilbake til toppen